Føremålsparagrafen:

Vedtekter for Nordhordland Handverk- og Industrilag

Desse vedtektene er vedtekne på skipingsmøte 3. juni 1972 og med endringar gjort på årsmøte 9. mai 1981, 24. mars 1984, 13. mai 2000 og 22. april 2006.
 

§ 1. Namn
Namnet til laget skal vera: Nordhordland Handverk- og Industrilag (NHIL).

§ 2. Arbeidsområde
Laget sitt arbeidsområde er Nordhordland og Gulen.

§ 3. Føremål
Laget har til føremål å:

  • ivareta medlemmene sine kollektive interesser slik at bedriftene i regionen får stadig positiv utvikling

  • fremja forståing for næringslivet sine interesser i høve til resten av samfunnet

  • heva kompetansenivået hos medlemsbedriftene

  • arbeida for kollegial forståing og samhald mellom medlemmene

§ 4. Medlemmer
Som medlemmer kan takast opp

  • næringsdrivande innan handverk, industri eller andre bransjar som har felles interesser i næringspolitiske spørsmål

  • personar i eller utanfor laget sitt geografiske arbeidsområde som grunna utdanning, stilling eller arbeid er knytt til næringane

Æresmedlemmer kan utnemnast av årsmøtet etter innstilling frå styret når vedkomande har gjort ein særleg verdfull innsats for laget.

§ 5. Tilslutning til andre samskipnader
Laget kan vera tilslutta andre lag og samskipnader når dette er til gagn for laget sitt arbeid og faglege og næringspolitiske interesser.

Styret vedtar inn- og utmeldingar.

§6. Inn- og utmeldingar
Søknad om å verta tatt opp som medlem skal sendast til styret som avgjer søknaden. Avslag kan ankast til årsmøtet. Utmelding kan berre skje pr. 31. desember

§ 7. Medlemspengar
Årskontingent vert fastsett av styret og skal vera betalt innan utgangen av mai. Medlemmer som let vera å betala, kan av styret strykast frå medlemslistene og utestengjast frå laget.

§ 8. Styret
Laget vert leia av eit styre på 9 medlemmer valde av årsmøtet. Styremedlemmene skal vera jamt fordelte frå laget sitt geografiske arbeidsområde.

Formannen vert vald ved særskilt val for eitt år om gongen. Dei andre styremedlemmene vert valde for 2 år. Formannen kan ikkje veljast att meir enn 5 gonger. Annakvart år står 4 styremedlemmer på val, og annakvart år står 5 styremedlemmer på val.

Styret konstituerer seg sjølv og vel varaformann.

Minst 5 styremedlemer, av desse formannen eller varaformannen, må vera til stades for at eit styrevedtak skal vera lovleg.

Styret held møte så ofte formannen eller 2 styremedlemmer krev det.

Det skal førast protokoll over styret sine drøftingar, desse skal underskrivast av møteleiar og referent.

Saker som vedkjem eit utval (jfr § 14), skal behandlast av utvalsstyret før styrebehandling.

Dersom styret finn det føremålstenleg, kan styret oppnemna arbeidsutval til å bearbeida og tilretteleggja saker for styret.

§ 9. Styret sine funksjonar
Saman med dagleg leiar planlegg styret drifta av laget. Alle aktivitetar skal vera i samsvar med laget sitt føremål (§ 3). Styret har ansvar for laget sin økonomi og avgjer alle saker som ikkje skal avgjerast av årsmøtet.

Styret skal dessutan:

  • Skriva årsmelding om laget sitt arbeid og leggja denne fram for årsmøtet

  • Behandla årsrekneskapen og leggja denne fram for årsmøtet

  • Overfor årsmøtet foreslå kva medlemspengane skal vera for komande år

  • Utarbeida framlegg til budsjett som skal leggjast fram for årsmøtet

  • Førebu og gi innstilling i andre saker som skal leggjast fram for årsmøtet

  • Tilsetja og avtala vilkår, samt fastsetja stillingsinstruks for dageg leiar

Styret gjer sine vedtak med alminneleg fleirtal.

§ 10. Formann
Formannen leier styremøta. Varaformannen leier møta når formannen ikkje kan møta.

I saker der stemmetalet ved avrøysting er likt, har fungerande formann dobbelstemme.

Formannen representerer laget og pliktar laget med si underskrift.

§ 11. Dagleg leiar
Dagleg leiar ivaretar den daglege drifta og fremjar laget sine interesser. Han/ho representerer laget etter samråd med formannen. Dagleg leiar rapporterer til styret.

§ 12. Medlemsmøte
Laget skal arrangera medlemsmøte. På desse møta kan saker styret har behandla/har til behandling, refererast. Det skal orienterast om andre saker medlemmene kan ha interesse av.

Saker som vert tatt opp på medlemsmøte, skal styret behandla.

§ 13. Årsmøte
Årsmøtet er laget sitt øvste organ. Det skal haldast kvart år innan utgangen av mai månad. Styret fastset tidspunkt og sender ut innkalling med sakliste minst 3 veker på førehand. Årsmelding og rekneskap bør følgja med innkallinga.

Berre medlemmer som sjølv møter, kan røysta. Kvart medlem representerer 1 stemme.

Årsmøtet er vedtaksført når minst 10 medlemsbedrifter og minst 5 styremedlemmer er til stades. Formannen eller nestformannen må vera blant desse. Dersom frammøtet ikkje er tilstrekkeleg til at årsmøtet vert vedtaksført, skal styret kalla inn til nytt årsmøte. Dette er vedtaksført utan omsyn til frammøte.

Omframt årsmøte vert halde når styret, eller minst ¼ av laget sine medlemmer, krev det.

Om nødvendig kan fristen ved innkalling til omframt årsmøte eller andre gongs innkalling til årsmøte, vera kortare enn vanleg.

Årsmøtet vedtar, opphevar og forandrar laget sine vedtekter.

Sakliste for årsmøtet:

  1. Velja 2 personar til å skriva under årsmøteprotokollen

  2. Årsmelding

  3. Revidert rekneskap

  4. Fastsetjing av medlemspengar

  5. Budsjett

  6. Val av formann og styremedlemmer

  7. Val av formann og 2 medlemmer i valnemnda

  8. Val av revisor

  9. Fastsetjing av eventuell instruks for styre og revisor

  10. Andre saker som styret legg fram

  11. Eventuelt

Det skal vera skriftleg val på formann og styremedlemmer dersom det er meir enn eitt forslag, eller nokon krev det. Dersom ingen av dei som er føreslegne til formann får meir enn halvparten av røystene ved første gongs røysting, skal det røystast mellom dei to kandidatane som har fått flest røyster ved første valomgang. Den som då får flest røyster, er vald til formann.

Det skal førast protokoll over årsmøtet sine forhandlingar. Protokollen skal skrivast under av 2 medlemmer valde på årsmøtet.

§ 14. Utval
Laget kan oppretta fag- eller bransjeutval. Utvala kan ha eigne vedtekter. Vedtektene må ikkje vera i strid med laget sine vedtekter, og dei må godkjennast av styret.

§ 15. Vedtektsendringar
For å endra laget sine vedtekter krevst det 2/3 fleirtal, og at forslag til vedtektsendring vert sendt ut saman med innkalling til årsmøtet.

§ 16. Eksklusjon
Styret kan ekskludera eller suspendera for ei fastsett tid medlem som bryt laget sine vedtekter eller vedtak. Vedtak om eksklusjon eller suspensjon skal skriftleg meldast til vedkomande medlem, og vedtaket skal grunngjevast. Styret sitt vedtak kan ankast til årsmøtet. Anken har utsetjande verknad.

§ 17. Oppløysing
Forslag om oppløysing kan berre behandlast på ordinært årsmøte, og må vera kome til styret før utgangen av året. Vedtak om oppløysing krev ¾ fleirtal (av dei som møter), og 2/3 av laget sine medlemmer må ha røysta.